Margreth Olin

Hest

«ein gong var eg lita og eigde mi eiga tid og då lengta eg etter dette eine; å ri. det var så grenseoverskridande fordi han var så ung. han var hingst og den aller lystigaste skapningen på heile nord-vestlandet. det var den stille skogen, hestens sanseårvåkenheit, ein hjort som plutselig kryssa stien framfor oss, vekslinga mellom det å kvile i seg sjølv på ein varm hesterygg og hjarta i halsen når han blåste ut all villskapen han hadde i kroppen. når eg var der lengta eg ingen andre stader.

Ikkje til noko som var framfor meg, ikke til noko eg hadde hatt. eg var i draumen min. draumen min var under meg, på fire raske bein, med hals som på ein svane. fidel heitte han. eg ville at vi skulle ri oss bort og aldri kome tilbake. fantasia. for real. seinare er det berre elskov som tek meg dit. som når eg ser ein film eller les ei bok som fyller meg til randen. eg kan ikkje halde ut tanken på å skulle vakne att.»

Margreth Olin